OBS: Reglene for fiske endres med jevne mellomrom. Det som gjengis nedenfor er ikke nødvendigvis ajourført
Vågå Fjellstyre utsteder tre typer fiskekort:
1. Stangfiske (fiske med stang og isfiske)
2. Stang-/oter-/garnfiske for utenbygdsboende
3. Kort for innenbygdsboende (stang, isfiske, oter, reiv og garn)
Det er felles fiskekort for elvar og vatn i Langmorkje statsallmenning og Vågå kommune sine eigedomsvatn Flatningen, Nedre Sjodalsvatn og Gjende med osen og elva ned til Øvre Sjodalsvatn. Kortet gir også rett til fiske i Diprtjønn og elva Dipra i Nordherad statsallmenning.
For utanbygdsbuande er det tilbod om stongfiske i alle vatn og elvar, garn- og oterfiske på: Veslvatnet, Melingen, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Brurskarstjønn og Øvre Leirungen. I tillegg kan utanbygds fiske med oter på: Kvitingen, Surtningen, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet, Nedre Leirungen, Bessvatnet, Leirungstjønnen og Svartdalstjønnen. Innanbygds har utvida adgang til fiske med garn, reiv og oter. Det er opna for isfiske på alle vatn.
I tillegg til det vanlige fiskekortet har Vågå fjellstyre et samarbeid med Lom fjellstyre, og Luster Austre fjellstyre om et felles fiskekort laget for deg som vandrer i Jotunheimen, og vil fiske i fleire vatn og vassdrag. Kortet gjelder for delar av Luster Austre, Leir- og Bøverdalen, Visdalen, Vårdalen og Langmorkje statsallmenning. For Vågå fjellstyre sin del så gjelder kortet den delen av statsallmenningen som ligg innenfor Jotunheimen nasjonalpark. For meir informasjon, og kjøp av kort kan du gå inn på denne sida: Fiske i Jotunheimen
Fiskekort kan kjøpes for for ett døgn, tre døgn, uke eller sesong (15 mai til 14 mai året etter). Det kan kjøpes kort for en person, eller familiekort.
Fiskekort kan kjøpes på turisthyttene, herunder Besseggen Fjellpark Maurvangen. Her kan man også for en rimelig pris leie båter som fjellstyret disponerer.
Forøvrig kan følgende link være av interesse:
Regler for fiske er inntatt nedenfor (vi garanterer ikke at vi er ajour til enhver tid), evt se:
https://www.vaga-fjellstyre.no/fiske/#fiskereglar
FISKEREGLAR (pr 10/2-2019)
Vågå fjellstyre og Vågå kommune har fastsett følgjande fiskereglar for Langmorkje statsallmenning og for Vågå kommune sine eigedomsvatn og elv. Reglane vart sist revidert i 2018.
1. Fiskekort må løysast før fiske tek til. Dei under 16 år treng ikkje løyse fiskekort for fiske med stong, og isonglar. Dei under 16 år som fiskar med annan reiskap enn stong, eller isonglar, må løyse fiskekort. Ved fiske frå båt, kan fiskaren, dvs. den som handterer reiskapen, ha med seg ein hjelpar til å ro eller styre båten utan at denne treng å løyse kort.
2. Dei som er busette i Norge har høve til å fiske med ei stong , oter (sjå pkt. 7), garn (sjå pkt. 8) og isonglar (sjå
pkt. 5). Utlendingar (som ikkje bur i Norge) har høve til å fiske med ei stong. Dette omfattar også isfiske, men ikkje bruk av isonglar.
Innanbygdsbuande, dvs. dei som siste året har vore og framleis er fast busette i Vågå
kommune, kan fiske med stong, oter, isonglar, reiv og garn.
3.Det er til kvar tid forbode å nytte annan reiskap enn stong, handsnøre, oter, isonglar, reiv og stågarn (botngarn). I elv og bekk er fiske frå båt og alt anna enn stongfiske forbode. Hov kan nyttast som hjelpereiskap.
4.Fiske med stong er lov frå og med 15. mai t.o.m. 10. oktober.
Stong som er utsett frå land og ikkje vert passa på blir å rekne som fastståande
reiskap (reiv).
5.Isfiske er lov på alle vatn. Dette inkluderer bruk av isonglar, dvs. pilkestikkar som er utsett. På Flatningen er det ikkje lov å nytte isonglar. Det er lov å nytte inntil 5 isonglar pr. fiskar pr. vatn. Isonglane skal vera merka med fiskaren sitt namn. Ved bruk av isonglar over to eller fleire dagar skal fiskaren sjå etter dei minst to gongar kvar dag. Bruk av rykkpilk er ikkje lov.
6.Dorging er lov f.o.m. 1. juni t.o.m.
15. sept. Dorg er ei stong med eitt kroksett (dvs. ein sluk, ein spinnar e.l.), og dorging er bruk av dorg frå båt i rørsle. Det er lov å nytte to stenger pr. fiskar.
På vatn der det er opna for garnfiske (dvs. Veslvatnet,
Kvitingen, Surtningen, Flatningen, Melingen, Slomtjønn, Lemonsjøen, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet, Bessvatnet, Gjende, Øvre og Nedre Leirungen og
Brurskarstjønn) er det lov å dorge berre mellom kl. 10 og kl. 17 i garnfiskeperioden, dvs. i tida 15. juni 30. juni, 1. august til 15. sept. (i heile juni for Melingen, Surtningen, Veslevatnet og Slomtjønn). Det same gjeld all fiske med
stong frå båt, med unntak av fiske med flugestong, som er lov frå båt til kvar tid i heile stongfiskeperioden. for å unngå konflikter med anna fisking, spesielt oterfiske er det viktig å ta hensyn til andre når
du dorgar. Bruk "høgrereglen", dvs. ta til høgre når du set uti båten (mot sola).
7.Oterfiske er lov f.o.m. 1. juni t.o.m. 15. sept. I garnfiskeperioden, på vatn der det er opna for garnfiske (sjå
pkt. 6) er oterfiske lovleg berre mellom kl. 10 og kl. 17. På Gjende og Bessvatnet kan oterfiske skje mellom kl. 17 og kl. 10 også i heile garnfiskeperioden.
Innanbygds kan fiske med oter og med bruk av båt på alle vatn.
Utanbygds
kan fiske med oter på Veslvatnet, Kvitingen, Surtningen, Melingen, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet, Bessvatnet, Brurskarstjønn, Nedre Leirungen,
Øvre Leirungen, Leirungstjønnen og Svartdalstjønnen. Oterfiske frå båt kan skje på dei nemnde vatna med unntak av Bessvatnet, Leirungstjønnen og Svartdalstjønnen.
Det kan nyttast ein oter pr. båt
og maks. 30 kroksett (spinnarar, fluger e.l.) pr. oter.Ved inntak av oter kan det nyttast ei ekstra oterfjøl. For å minske farane for konflikter, skal det ved oterfiske frå båt, nyttast "høgreregelen", dvs. ta til høgre
når du set uti båten (mot sola).
8.Garnfiske for utanbygds kan skje på Veslvatnet, Melingen, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet, Brurskarstjønn og Øvre
Leirungen i tida 15. juni kl. 17 til 30. juni kl. 10 (På Veslevatnet, Melingen, og Slomtjønn frå 1. juni kl. 17), og i tida 1. august kl. 17 til 15. sept. kl. 10, med inntil 4 garn pr. fiskar og med 29 mm som største maskevidde. På
alle dei 8 vatna kan det i tillegg til dei 4 garna nyttast 1 garn på 35 mm. På Veslvatnet, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, og Brurskardstjønn må det for kvart garnsett (person) vera minst eitt garn på 24 mm
eller mindre. Kvart garn skal ikkje vera lenger enn 25 m., og kan ha ei høgde på inntil 2 m. Ein person kan fiske med garn på to vatn pr. natt, men da må eitt av dei to vatna anten vere Melingen, Veslevatnet, Slomtjønn, Nedre
Birisjøtjønn, Birisjøen eller Griningsdalsvatnet. Mellom kl. 10 og kl. 17 er det ikkje lov å ha garn ståande i vatna. Alle garn/ garnrekkjer skal markerast med ein lett synleg gjenstand, merka med fiskaren sitt namn. Ved garnrekkjer
på 3 eller fleire garn skal det nyttast merke for kvart 3. garn. Alle som er med i garnfiske må delta aktivt under fisket, dvs.både ved utsetting og inntaking.
Reglar for bruk av fastståande reiskap for innanbygds er opplista i
eit eige vedlegg.
9.Ved ulovleg fiske frå båt, når to eller fleire driv saman, kan roaren eller den som styrer båten bli stilt likt med den som handterer reiskapen. Brot mot reglane er straffbart. Reglane vart sist revidert i 2018.
10. Bruk av båtmotor er lov på Flatningen, Lemonsjøen, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet og Gjende, med maks. 10 hk (på Bessvatnet med maks 6 hk). På Bessvatnet og Gjende, som ligg i Jotunheimen nasjonalpark, kan motorbåt berre nyttast av innanbygds i samband med utøving av bruksrett (m.a. fiske).
Fiskereglane og fiskekortsalet gjeld ikkje for følgjande private vatn, vatn eller elvestrekning med privat fiskerett: Russvatnet, Ingulsjøen, Tjønnosen, Sjugurdsjøen, Grjothovdtjønn, Dravtjønn og Eldbuhølane.
Vedlegg til pkt. 8 i fiskereglane. Gjeld for innanbygdsbuande
REGLAR FOR FISKE MED FASTSTÅANDE REISKAP
A
Garnfiske er lov i tida 15. juni (kl. 17) – 30. juni (kl. 10) og i tida 1. august (kl. 17) – 15. september (kl. 10). På Gjende er garnfiske lov frå 15. juni (kl. 16) til 5. oktober (kl. 10). På Melingen, Surtningen, Veslvatnet og Slomtjønn er garnfiske også lov i tida 1. juni (kl. 17) til 15. juni (kl. 10)
Fiskarane blir oppfordra til også å nytte dei småmaska garna der dette er lov.
Kvart garn skal ikkje vera lenger enn 25 meter, og kan ha ei høgd på inntil 2 meter.
På Flatningen kan det nyttast garn med høgd på inntil 4 meter.
B
Fiske med reiv er lov berre i dei vatna det er opna for garnfiske og i same tida som for garnfiske. På vatn der det ikkje er opna for garnfiske kan ein
likevel setje ut ei stong som kan stå over natta.
Ved fiske med reiv kan det nyttast inntil 50 krokar pr. fiskar.
C
Generelle reglar for fiske med fastståande reiskap (garn, og reiv)
Ein og same person kan ikkje fiske på meir enn eitt vatn med fastståande reiskap pr. natt. Men det er opna for fisking med fastståande reiskap på to vatn same natt, men da må eine vatnet anten vera Melingen, Surtningen, Veslvatnet, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen eller Griningsdalsvatnet, eller det kan fiskast med fastståande reiskap på to av desse vatna same natt. Mellom kl. 10 og kl. 17 er det ikkje lov å ha garn eller reiv ståande i vatna.
Alle garn/garnrekkjer, reiv (ved bruk av line med utsetting frå båt) skal markerast med ”garnkule” eller ein annan lett synleg gjenstand merka med fiskaren sitt namn. Reiv (utsett frå land) skal vera merka med fiskaren sitt namn. Ved garnrekkjer på minst 3 garn skal det nyttast garnkuler/merke for kvart 3. garn.
Det er til kvar tid forbode å setja garn og reiv nærare utløpsosen på Bessvatnet, inn- og utløpsosen på Øvre Leirungen, Sjoa sitt inn- og utløp på Øvre Sjodalsvatnet, Leirungsåa, Svarva og Memuruelva på Gjende, samt Sjoa sitt innløp i Nedre Sjodalsvatnet enn 100 meter. Ved Gjendeosen går denne grensa til oppsette merke på båe sider av vatnet (ca. 2-300 m frå båtbryggja).
Alle dei som er med i garnfiske og reivfiske (dvs. når to eller fleire fiskar saman med kvar si garnkvote), må delta aktivt under heile fiske, dvs. både ved utsetting og inntaking av reiskapen.
Det er ikkje sett noko nedre aldersgrense for å kunne delta med kvote i fiske med garn eller reiv. Men ein generell regel er at den som deltek i slikt fiske, må under normale vindforhold, vera i stand til å ro/styre båten eller kunne handtere reiskapen.
Ver nøye med tida, ikkje set uti garn eller reiv før kl. 17 (på Gjende og Bessvatnet kl. 16). Ved svært sterk vind kan garn eller reiv stå lenger i vatnet enn til kl. 10. Dersom det er praktisk mogleg, bør fjelloppsynet bli varsla dersom garn eller reiv ved slike værtilhøve blir ståande lenger enn til kl. 12.