Foreningens historie

Vi har fått Kjell Løkken og Kjell Sveen til å lage hver sin lille historikk om hyttebygginga i Hoskelie og foreningens tilblivelse, som inntas  nedenfor.

Vi kan samtidig nevne at den fine logoen foreningen benytter, og som "går igjen" på hjemmesidene, er bilde av et fat tilhørende Kjell Sveen. Det dreier seg om et fotografi han har tatt i Hoskelie, og som han har fått en lokal maler til å "male over" på fatet.

                                              Hoskelie før ca år 2000 v/Kjell Løkken:

Fyrst på 80 talet tok Ivar Maristuen, Ådne Haraldseth og Olav Sørlie opp spørsmålet om veig nedover til Hoska. Det var laber stemning for det til å begynne med, for mange var sterkt i mot. Ein del var redde for at det skulle bli ei stor utgift, men dei skulle få arbeide med planene og forhøyre seg hos Statskog. I 1983 vart veigen stikke av dei tre og godkjent hos Statskog. Ein frå Garmo (kanskje Garmo maskin) med gravmaskin gjorde grovarbeidet mens oss rydda skogen og la ned stikkrenner. Oss fekk ta fyllmasse på to plasser, og i juli 84 stilte mange på dugnad med bil og henger, ein traktor og henger og fleire med trillebår. Da dugnaden var over kunne fyrste bilen kjøre heit ned på ein skrøpeleg veig.

Det var veigdugnad kvart år. I 85 kjørte Jo Hølmo og eg på 140 lass med masse frå dei to plassane oss fekk lov å ta frå. Eg hadde da ein gamal traktor og henger frå Eidefoss. Kvart år vart det kjørt til grus frå bygda med lastebil som vart kjørt vidare ut med bil og henger når det var dugnad fyrste helga i juli.

Eg fekk tildelt tomt i 58 og da var det berre Bamfordnaustet og Råstadhytta eg kjem i hug var på den sida av vatnet. Ellers kom mange av hyttene opp rundt den tida. Frakting av materiale til hyttene var så forskjellig, det vart brukt hest på vinteren og om sommeren båt. Da eg starta brukte eg robåt med påhengsmotor. 7m3 med sand tok eg i plastsekker som eg kjørte over og bar opp til tomta. Hytta vart lafta nede i bygda og kjørt opp med lastebil. Så tok eg stokkane på slep etter båten og fekk hjelp til å bera det opp. Alt som skulle på hytta vart frakta med båten og ofte var været dårleg med store bølger. Tomta vart og grave ut med hand. Så veigen vart til stor hjelp da den kom.

                                              Hoskelia fra ca år 2000 v/Kjell Sveen:

Annonsen nedafor var tatt inn i følgende aviser: Gudbrandsdølen Dagningen, Hamar  Arbeiderblad, Oppland Arbeiderblad, Glomdalen, Fjuken, Finansavisen, Dagens Næringsliv og Aftenposten lørdag den 6.mai 2000.

Det kom inn 1720 søknader på 30 tomter. Den 22mai var det loddtrekning på tildeling av tomter. Fredag den 9.juni kl.11.00 vart det avholdt møte på Bessheim fjellstue med dei som hadde fått tildelt tomter. På dette møtet deltok representanter fra Vågå kommune, Kraftselskapet Eidefoss, eksisterende veiforening, Statskog v/Terra Eiendomsutvikling (utbyggere av feltet) og rep.fra Statskog. Etter møtet var det også befaring i feltet. På møtet vart det også valgt eit interimstyre for dannelse av hyttevelforening. Statskog bevilget 25000. kr til etablering av velforening (startkapital). På møtet vart også stemningen om å føre fram strøm i feltet undersøkt, og det viste seg at det var stor stemning for strøm til hyttene. Interimstyret vart desse: Kjell Sveen (valgt som kontaktperson) Thorstein Bostad, Einar Lyche, Jon Terje Rødvik, Toril R. Grønvold og Rolf Kveen.

Interimstyrets oppgaver frammover vart nå å få avklaret spørsmålet om strømtilførsel og kor mange som ville knytte seg til, vedtekter for dannelsen av velforening, og også forholdet til eks.vegstyre. Kontaktpersonen som vart valgt på Bessheim deltok også på alle byggemøter i forbindelse med utbyggingen av feltet. Det var entreprenør Reidar Andersbakken fra Lom som sto for utbyggingen.

Som tidligere nemt var det eit veistyre i Hoskelia tidligere, desse hadde stort sett eit møte pr.år med dugnad, dette var første lørdag i juli.  Statskog utbetalte 300000. kr til desse for å få overta deler av denne vegen. Det var nok også ein del motstand blant gamle hytteigare mot dei nye, dette var noko som dei nye måtte ta noko hensyn til under utarbeidelse av vedtektene til velforeningen.  

Ein må kunne si at vi hadde bra påvirkning på utbygginga av feltet, som endring av veg nedenfor bommen og det med strømtilførselen.

Infrastrukturen var ferdig i løpet av år 2000,og hytter var i ferd med å komme opp i løpet av året.                                                

Del denne siden